
Tobias Brenne Nedreklepp i farta. Foto: Veronika Hennøen
Ein liten rapport frå Midtnorsk Meisterskap nr 1 arrangert av Volda & Ørsta Trialklubb idag 28.5.22.
I veldig vekslande ver, med regn, sol, vind og ca 10 grader vart det første løpet i vår region sparka igang. Med 47 påmeldte vart det ein bra gjeng som skulle teste ferdigheitene i skogen.
Alt i alt vart det eit vellukka løp, der dei fleste fekk brynt seg i det sleipe og våte terrenget.
Det var veldig kjekt å få arrangere løp igjen, og me ser fram til neste løp, som er allereide i morgon på Håhjem hjå Skodje Trialklubb.
Mvh for Volda & Ørsta Trialklubb
Lene B. Magnussen