Minneord til Hans Petter Glomset

Tirsdag 27. oktober kom den triste beskjeden om at Hans Petter Glomset hadde sovna stille inn i heimen med dei nærmaste rundt seg.
Minneordene fra vennene i Skodje forteller om et menneske og en ildsjel som har betydd mye, og vil bli savnet.

Kjære Hans Petter.
No stend eg og Ove her på vegne av heile trialfamilien for å ta farvel med ein kjær og eit høgt respektert medlem av den lille familien som trialmiljøet vårt er. Bauta, eldsjel og mentor er ord som dukkar opp når eg spør andre korleis dei vil beskrive deg. Og eg er einig! I over 25 år har du og familien vore engasjert i Skodje Trialklubb. Først som nysgjerrig trialpappa då Frank starta med trial og seinare vart du både formann i klubben og kjent for engasjementet ditt og kunnskapen din langt utover vår klubb. Når du etter kvart trappa ned dei siste åra har Terje teke over og han har vorte både ein god utøvar og ein etterspurt trenar.

Men interessa og lidenskapen for sporten og klubben har du aldri misst. Sjølv etter at sjukdomen kom snikande har du vist eit brennande engasjement. Seinast i sommar på den tradisjonelle sommarleiren vår måtte du innom å helse på og å sjå etter at vi hadde det bra. Eg tur til og med at det vart fortalt ei skrøne eller to der dokke sat på benken oppe med sekretariatet. Det var siste gongen du var på trailbana på Håhjem og besøkte oss, eit trialområde som du har vore med å bygd opp til å verte eit av dei finaste anlegga i landet.

Det er ikkje få løp borte på Håhjem du har hatt ansvaret for. Du var stemneleiar på kretsløpet vårt så seint som for tre år sidan og det til og med etter at du hadde fått kreftdiagnose. Det er heller ikkje få dugnadstimar du har nede i skogen og for ikkje snakke om alle møter du har vore med på eller alle timane i telefonen heime i Flåtevegen. Eg trur nesten at du har strekt fleire kilometer med trialband i seksjonane du har laga til ungdommane borte på Håhjem enn kilometer med veg du har vore med å laga i Veidekke!

Den siste seksjonen din vart det likevel ikkje du som laga. Det var det dessverre krefta som gjorde. Denne seksjonen vart både tung og vanskeleg for ikkje å snakke om umogleg. Ingen visste korleis denne sjukdommen ville utvikle seg og vi håpa i det lengste. Vi såg nok dessverre at det kunne verte vanskeleg for deg å komme deg gjennom denne seksjonen. Vi sit att med sorg og tårer. Men vi sit også att med gode minner og ei sterk takksemd for den du har vore for oss. Takk for laget Hans Petter og takk for engasjementet, vi veit du har det godt no og at du har fått fred.

Før vi legg på kransen vil eg gjerne lese eit lite vers som eg synes er så treffande:

«Fritt suser trærne
rundt hjemmet du elsket.
Farvel nikker blomstrene
du vernet så tro.
Takk kvitrer fuglene
som dagen deg hilset
stilt hvisker vinden:
«Sov i ro».

«Takk for alle gode minner, hvil i fred.

Hilsen alle oss i Skodje Trialklubb