Takk til klubben, som har sendt en rapport fra løpet!
Det første trialløpet i Midt-Norsk Mesterskap vart arrangert av Volda & Ørsta Trialklubb på bana i Hjartåbygda i Volda.
Det var 55 deltakarar, og det teiknar godt for sesongen.
Resultater alle klasser
I litt kald vind og regnbyger, med litt solglimt inn i mellom myldra store og små i naturskjønne omgivelsar, med sauene som beita rett attmed. Alle var spente før årets første konkurranse, men alle var blide og positive. Etter kvart kika sola litt meir fram, og ein kunne sitte ilag og nyte litt mat og drikke i godt selskap.
Det såg ut til at deltakarane var fornøgde med dagen og innsatsen, og at dagen alt i alt var vellukka.
Me takkar alle gode hjelparar; dommarar, seksjonsbyggjarar, kioskansvarlege- og medhjelparar, sekretariat, og elles god hjelp frå dei andre klubbane med tekniske utfordringar undervegs.
Det er godt at ein kan hjelpe kvarandre når det trengs.
Trialavisa vil legge til at svært mange av førerne ikke deltok i Norgescupåpningen. Det er flott at regionløpene er et godt og viktig tilbud til disse, og at trialfamilien er enda mye større enn NC-tallene viser 🙂
Midt-Norsk Mesterskap fortsetter neste helg, da er det Skodje Trialklubb som er vertskap!