Hilsen og bilder fra Valldal Trial

Valldal Trialklubb ynskjer å takke alle som deltok på den tredje runden i Kretsmesterskapet; køyrarar, ledsagarar og publikum!
Sidan det var KM 2 på Åfarnes laurdagen var det fleire av dei andre klubbane som køyrde direkte til Valldalen frå Åfarnes. Det vart då litt sosialt med bowling og pizza på kvelden. Om morgonen den 18.juni var det 50 startande deltakarar på KM 3, noko som var ei stor auking frå i fjor. Sjølv stilte Valldal Trialklubb med 13 køyrarar som er ei auking som er svært gledeleg.
Det var heile 5 køyrarar frå Valldal Trialklubb som køyrde sitt første løp, noko som var veldig spanandes for dei.
Vi fekk kjempe flott vèr og vonar at løypene var fine.
Vi ynskjer også å takke alle frivillige som hjalp til for å få til dette løpet.

NB: Bileta tilhøyrer Valldal Trialklubb og er teken av ulike personar i klubben, og kan lastast ned til eige bruk, men ikkje spres på nokon måte utan avtale med Valldal Trialklubb – heller ikkje på eigen Facebook o.l.